Svaret er ja. Trass lite og låg sol halve året, mykje nedbør og kaldt klima vil det vera lønsamt. Faktorar som lokale solforhold og himmelretninga der anlegget vert montert vil spele inn.
Dette skuldast fleire faktorar; Den viktigaste årsaken til at solcelle er lønsamt er at utviklinga dei siste åra har gjort at anlegga er blitt billegare å installere, dette medfører at du stadig produserer fleire kWh for kvar investert krone. Samtidig er det støtteordningar for privatpersonar som gjer investeringa gunstig. Solcelleanlegg har i tillegg lang levetid og krev lite vedlikehald, noko som gjer at driftsutgiftene held seg låge. Det kalde klimaet er også ein positiv bidragsytar. Visste du at for kvar grad temperaturen synk så aukar verknaden av eit solcelleanlegg? Solceller fungerer heilt klart best ved direkte sollys, men produserer også ved delvis skya vêr.
Solcelleanlegg byrjar å bli meir og meir vanleg. Det er ei rekkje leverandørar og eit vidt spekter av produsentar både når det kjem til panel og invertarar. Investeringskostnaden ved solcelleanlegg er til relativt høg og har lang nedbetalingstid. For at anlegget skal vere lønsamt er det difor viktig å velgje utstyr og leverandør som har fokus på kvalitet og pris.
Solceller kjem i ei rekkje utføringar og kan monterast på dei fleste tak.
Ta kontakt så hjelper me deg med å ta dei rette vala som gir ei lønsam investering.