Vangen Elektriske AS er den største elektroentreprenøren i regionen, me har 57 tilsette og utfører alt frå prosjektering og planlegging til installasjon og testing. Verksemda har oppdrag i heile regionen. Hovudkontoret ligg på Voss med satellittar i Vik og Granvin. Me er også autoriserte på fiber, svakstraum og alarmanlegg. Me har oppdrag mellom anna innan innstallasjon, prosjektering, alarmanlegg, kontroll, fiber, svakstraum, styringsanlegg og låssystem. Vangen Elektriske AS er ein del av Thunestvedtkonsernet.
På grunn av stor oppdragsmengde søkjer me etter dyktig elektromontør gruppe L
Hovudoppgåvene vil vera:
• Installasjonar i bustad, industri, kontor, anlegg, offentlege bygg, helsebygg osv.
• Serviceoppdrag
Kvalifikasjonar:
• Montør gruppe L
• Gode kommunikasjonsevner
• Målbevisst og strukturert
• Sjølvstendig
Me tilbyr:
• Spanande utfordringar og godt miljø
• Konkurransedyktig løn
• Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Me legg vekt på at den enkelte medarbeidar skal få utvikla seg gjennom målretta opplæring.
Noko reiseverksemd må påreknast for kortare og lengre periodar ved oppdrag utanfor Voss. Opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til dagleg leiar Eivind Kildal, mob. 918 85 487.
Send skriftleg søknad med CV til e-post