Vangen Elektriske AS

Om oss

Spar straum med smarthus

Smarthusløysingar

Vi prosjekterer og leverer alt frå enkle rørslestyrte brytarar til komplette løysingar basert på smarthusteknologi for bustadar.

  • Smarthusløysingar kan tilpassast omtrent alle behov og kan utvidast tilnærma uendeleg.
  • Krev planlegging og programmering for å fungere optimalt.
  • Fleksibelt: Anlegget kan endrast for å dekkje nye behov utan å trekkje nye kablar.
  • Sentrale funksjonar er ”alt av”, feriemodus og panikkbrytarar.
  • Trådlause brytarar kan brukast i dei tilfella der det er ynskjeleg å styre lys utan å trekkje kablar.
  • Alt frå enkel igangsetjing til omfattande programmering kan utførast etter ynskje.
  • Vi kan òg levere eit komplett system for å få til eit enkelt styresystem for lys og varme.

Spar straum med smart bustad

Ved å investere i ein smart bustad kan du spare mykje straum. Viss det ikkje trengst varme i eit rom, blir det heller ikkje sett på varme.

Branntryggleiken er òg langt betre med smarthusløysingar dersom ein set opp brytarar med ”Alt av”-funksjon ved utgangsdøra for å aktivere ein ”ikkje heime”-funksjon. Ein slik funksjon kan slå av alt som kan føre til branntillaup viss ein gløymer å slå dei av, for eksempel kaffitraktar, strykejern, steikeomn, kokeplater, osb. Avhengig av oppvarmingsmetoden kan denne funksjonen òg brukast til å seinke temperaturen når ein ikkje er i huset. Vassboren varme eignar seg ikkje for rask temperaturseinking, då reguleringsfarten er for langsam.

Ved å lese gjennom informasjon frå ulike leverandørar kan du finne fram til den løysinga som passar ditt behov og di lommebok:

Schneider Electric

Micro Mati

  • Nelfo
  • Godkjent for ansvarsrett
  • Energien
  • Miljøfyrtårn
  • SS Kontrollforetak
  • Godkjent lærlingebedrift