Bestill elektrikar

    Ei moderne verksemd med lange tradisjonar

    Vangen Elektriske AS er totalentreprenør innan elektrofaget, og har over 40 år erfaring frå bransjen.

    Dette gjer at me har opparbeida oss solid og brei kompetanse. Me har kompetanse til å utføre alt frå mindre installasjonar til prosjektering og installering av meir omfattande oppdrag. Kundane våre er entreprenørar, frå næringslivet, det offentlege og privatpersonar.

    Vangen Elektriske har hatt stabil vekst dei siste åra, og er i dag den største privateigde installatøren i Indre Hordaland. Verksemda er del av Thunestvedt Konsern, som og består av Sæterdal Elektro AS på Vaksdal, Vestgar Elektro AS på Sotra og Pettersson & Gjellesvik i Bergen. Me har medlemskap i Sikringen som er ei landsomfattande kjede med meir enn 170 verksemder. Hovudkontoret vårt ligg på Voss og verksemda har 55 tilsette. Fem av montørane våre er busette i Granvin og to er busette i Vik i Sogn.

    Med ei sterk lokal forankring er me tilgjengelege og fleksible. Kombinert med god kapasitet og høg fagkompetanse, har Vangen Elektriske det som skal til for å møte ein stadig meir krevjande marknad.

    Vangen Elektriske vart saman med resten av Thunestvedt Konsern ein del av Bravida 1. desember 2023. Dette gjer oss til den største installasjonsaktøren på Vestlandet, med mål om å bli Best i Vest. 

    Sikringsskap

    Kontakt oss

    Scroll to Top